OPPSTART AV PRIVAT PLANARBEID

I samsvar med § 12-1, 12-8 og 12-14 i Plan- og bygningslova vert det med dette kunngjort at følgjande privat reguleringsarbeid vert sett i gong:
DETALJPLAN (PBL § 12-3) FOR KOLÅSBAKKANE HYTTEGREND I ØRSTA KOMMUNE, VARSEL OM OPPSTART AV PRIVAT PLANARBEID
Målet med planarbeidet er å leggje til rette for fleire fritidsbustadar ved Kolåsbakkane i Follestaddalen. I planen vil inngå tilhøyrande infrastruktur (tilkomstveg og areal for avløpsanlegg).  Det vil bli lagt vekt på å utnytte dei naturgjevne føresetnadane terrenget gir. Planområdet gjeld eigedomar vist på kartutsnittet nedanfor. Ikkje utbygd areal tenkt til byggeføremål (hytter) omfattar om lag 12,1 daa. Frå vegkrysset der tilkomsten til tuna til gnr. 27 br.nr. 1 og 2 skiljes, er planen å få til ny tilkomstveg til hytteområdet. Vegen skal vere ein kombinert driftsveg for br.nr. 2 og som tilkomstveg for hyttene. Vegtraseen vil bli plassert innan vist område aust og nord om tunet til br.nr. 2. Varsla planareal, som vist under, omfattar om lag 33 daa.

planarbeid

Tiltakshavar er Erling Aarsæther som representerer grunneigarane. Utførande konsulent er AG Plan og Arkitektur AS.
Aktuelle reguleringsføremål er bustader med tilhøyrande anlegg (frittliggjande fritidsbusetnad), samferdselsanlegg (vegar) og teknisk infrastruktur (avløpsanlegg), landbruksområde (LNF-område) og ev. omsynssoner (t.d. frisiktsoner i kryss). Fleire føremål kan kome til undervegs i reguleringsprosessen som følgje av saka si gong. Tiltaket er vurdert til å vere av ein slik karakter at det ikkje er naudsynt med planprogram og/eller KU etter PBL §§ 4-1 og 4-2.
Grunneigarar, off. mynde og organisasjonar vert varsla i eige skriv. Varslingsdokumenta er tilgjengelege på nettsida http://www.orsta.kommune.no
Innspel til reguleringsarbeidet skal vere skriftlege og sendast til
AG Plan og Arkitektur AS
Adresse: firmapost@agplan.no eller Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA innan 29.2.2016.  E-post (ev skriv) skal vere merka:
Kolåsbakkane hyttegrend
Besøksadr: Webjørn Svendsen gate 12, 6150 ØRSTA. Tlf 700 61 600

Legg igjen en kommentar